Tre Ørsta-jenter på kretslaget

Kine Strande, Tora Ose og Signe Vinjevoll er blant spelarane som utgjer kretslagstroppen for J17.

På kretslaget: Kine Strande, Tora Ose og Signe Vinjevoll er alle i kretslagstroppen for J17. Arkivfoto  Foto: Frode Ose

Sport

Totalt trettiein spelarar er tekne ut i kretslagstroppen. Uttaket gjeld for første halvår av 2019. Kine Strande, Tora Ose og Signe Vinjevoll, alle Ørsta IL fotball, er i troppen.

Sunnmøre fotballkrets opplyser at det vil bli gjennomført cirka tolv treningssamlingar, i tillegg til at det blir spelt kampar mot Nordmøre og Romsdal Fotballkrets og eventuelt mot klubblag på kvinnesida.

Dei som er ansvarlege for spelarutviklingsgruppa blir Magne Elde (FK Fortuna) og Eirik Hoseth (SK Herd).

Den første samlinga er allereie 3. januar i Sparebanken Møre Arena.