Trenarjakt i 6. divisjon

– No var det behov for å for ei ekstern løysing

Trenarkabalane for dei lokale laga i 6. divisjon kjem truleg ikkje heilt på plass før årsskiftet, men alle klubbane jobbar med ulike løysingar.

På trenarjakt: Både Vartdal, Sæbø og Åmdal er på trenarjakt før neste sesong. Alle laga har aktuelle kandidatar på blokka, og trenarkabalane for dei lokale laga vil nok vere klar rundt årsskiftet. Her er Mikkel Riise (Sæbø) og Kenneth Holsæker (Vartdal) i duell i 2016-sesongen. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

No var det behov for ei ekstern løysing

Vidar Johan Vartdal
Sport

– Vi jobbar med ei spesifikk løysing, men det er ein del utfordringar som vi må løyse. Dette går hovudsakleg på tid og å få sette saman den rette kalenderen til kandidatar som ønsker jobben, men som i utgangspunktet ikkje har tid til det. Vi prøver å setje i hop ein kalender slik at den aktuelle kandidatane kan ha hovudansvaret og leie laget, men at han ikkje trenger å bruke all tida ein åleinetrenar ville brukt, seier Vidar Johan Vartdal i Vartdal TIL fotball.