Ørsta mot Volda i cupen?

Gjennom 7.-plassen i 4. divisjon denne sesongen kvalifiserte Ørsta seg til NM i fotball. Truleg vert det eit lokaloppgjer mot Volda i 1. kvalifiseringsrunde.

Cupen: Volda og Ørsta møttest to gongar i seriespelet i år. Neste år kan det i tillegg til seriespelet bli cupkamp mellom laga. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Totalt 260 seniorlag på herresida i fotball skal ta del i NM i fotball i 2019. Denne veka vart den samla oversikta offentleggjort. Frå Sunnmøre er det totalt elleve lag som skal i aksjon.

Aalesund, Hødd, Brattvåg og Spjelkavik vil gå rett inn i første ordinære runde av cupen. Herd, Bergsøy, Emblem, Volda, Rollon, SIF/Hessa og Ørsta er blant dei 176 laga som spelar 1. kvalifiseringsrunde. Utan at 1. runde er sett opp ligg det i korta at det blir eit lokaloppgjer mellom 4. divisjonskollegaene Volda og Ørsta i 1. runde. Det kan dermed bli tre kampar mellom laga komande sesong. I år vart det siger til Ørsta på heimebane, medan laga spelte uavgjort i Volda.

Totalt 88 lag skal spele 2. kvalifiseringsrunde, og 44 lag kvalifiserer til 1. runde saman dei 84 laga som er direkte kvalifiserte.