Vil nærme seg dei beste

Vegard har spissa satsinga

LILLEHAMMER: Vegard Røyrhus ein av dei som har hatt størst framgang i langrennssporet i Møre og Romsdal dei siste åra. Den utviklingskurva håper 20-åringen skal fortsette når han no har tatt steget opp i seniorklassa.

I GANG: Vegard Røyrhus har fått ein god start på seniorkarrieren og er spent på korleis sesongen vil arte seg, ettersom han har gjort ein god treningsjobb i sommar og haust. Foto: Svein Halvor Moe  Foto: Svein Halvor Moe

Vonleg så var den oppløftande sesongstarten ein indikasjon på at eg har nærma meg dei beste på mitt alderstrinn

Vegard Røyrhus
Sport

– Eg har trent bra gjennom våren, sommaren og hausten. Eg har stort sett halde meg frisk og fått gjennomført dei øktene eg har lagt opp til. Det gjer at eg er ein god del sterkare no enn eg var på same tidspunkt i fjor. Vonleg så var den oppløftande sesongstarten ein indikasjon på at eg har nærma meg dei beste på mitt alderstrinn, seier Vegard som konkurrerer for Hovdebygda idrettslag. Det har den kapasitetssterke utøvaren gjort i alle år.