Åtte lokale spelarar på kretslaga

Åtte unge spelarar frå Volda og Ørsta er i kretslagstroppene i fotball for første halvår 2019.

På kretslaget: Andreas Hjellen Tangen (Ørsta IL fotball) er i G15-troppen saman med Mats Brænde Helle (Volda TI fotball). Foto: Privat  Foto: PRivat

Sport

Sunnmøre fotballkrets og dei kretsansvarlege har teke ut troppane til fire kretslag, to på gutesida og to på jentesida. På alle laga er det spelarar frå Volda og Ørsta.

Hugo Dimmestøl og Simen Vatne Haram (Ørsta IL fotball) er i troppen til G14.

I G15-troppen er Mats Brænde Helle (Volda TI) og Andreas Hjellen Tangen (Ørsta IL fotball).

For J14-laget er Kai Are Strande trenar saman med Kjell Arne Bergli. I troppen er Birte Osdal og Alma El`Mourabit frå Volda og Lone Strande frå Ørsta.

Helena Nygård (Ørsta IL fotball) er i troppen til J15-laget.

– 14 åringane er 2005-modellane og 15 åringane er 2004-modellane. Perioden for uttaket er frå 1. Januar 2019 til 1. juli og deretter blir det nytt uttak for andre halvår.