Vil innføre 7. divisjon

Eitt av forslaga som kjem på bordet under fotballtinget er å opprette 7. divisjon for herrar.

Ny divisjon? Om forslaget til Giske går gjennom vert det oppretta 7. divisjon på Sunnmøre.  Foto: Rune Sæbønes

Sport

I 6. divisjon i år var det tre avdelingar med totalt 26 lag. Det har vore misnøye blant enkelte om at det har vore for få kampar. Komande helg vert fotballtinget til Sunnmøre fotballkrins arrangert. Ifølgje Sunnmørsposten har Giske IL kome med eit forslag om at det vert oppretta ein 7. divisjon allereie frå 2019.

Krinsstyret er samde med forslaget frå Giske IL. Dei ynskjer ikkje at innføringa skal skje komande sesong, men anbefaler at det blir oppretta frå 2020-sesongen.

Komande sesong skal Åmdal, Vartdal, Ørsta 2 og Sæbø spele i 6. divisjon.

I tillegg til forslaget frå Giske IL skal klasseinndeling i jentefotball på Sunnmøre handsamast. Krinsstyret har kome med forslag om at J14-klassa blir til J15-klasse, og at J16-klassa blir til J17-klassa. Bakgrunnen for forslaget er å halde på jentene i fotballen lengst mogleg.

– Klasseendringane skal gjere ei nødvendig utsetting av «vaksenfotball» for fleire jenter.

Om forslaget går gjennom vil det bli to årgangar både i J15- og J17-klassa. Det kan og bli aktuelt å slå saman J12- og J13-klassa.