Imponerande sesongopning i Ulsteinhallen for friidretten

Ørsta IL friidrett imponerte stort på Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen. Dei 18 påmelde utøvarane frå Ørsta IL sette heile 24 personlege rekordar, mange nye klubbrekordar og tok mange medaljar.

Hurtigtog: Johannes Eiksund (G15) er klubben sitt hurtigtog i piggsko og har stadig framgang. Han tok sølv på 60 m på gode 7,67 sek. 

Klubbrekord: Thea Nilsen og Maria Straume (J13) sette begge både pers og klubbrekord. 

Sport

Dette var det første store innandørsstemnet i regionen denne vintersesongen.

Johannes Eiksund (G15) er klubben sitt hurtigtog i piggsko og har stadig framgang. 60 m gjekk unna på gode 7,67 og ny pers (967 Tyrvingpoeng). No er Johannes klubben sin raskaste mann på 60 m innandørs gjennom alle tider! Han avslutta dagen med å sette ny pers og ny klubbrekord menn senior og menn junior på 200 m innandørs med 25,71.

Elise Aarflot (G12) hoppa gode 4,27 m i lengde (909 Tyrvingpoeng), ny pers og ny klubbrekord J12. I tillegg sprang ho til 905 Tyrvingpoeng på 60 m på gode 8,90.

Oskar Mjelva Straume (G11) sette pers og klubbrekord G11 i lengde med 3,93 m. Han hoppa 1,25 m (909 Tyrvingpoeng) i høgde og sette både ny pers og ny klubbrekord G11. Så sprang han 200 m på 30,49 - ny pers og ny klubbrekord G11.

Filip Hoggen (G14) sette ny solid pers på 200 m med 27,09 og ny klubbrekord G14. Dette er ei forbetring av pers på to sekund. Han sette og nye pers og klubbrekord G14 på 600 m med tida 1,46,83.

Maria Mjelva Straume (J13) spring leikande lett. Ho sprang 600 m på gode 1,54,44 - ny solid pers og ny klubbrekord J13.

Thea Nilsen (J13) slo til med ny pers og ny klubbrekord J13 i lengde med resultatet 4,15 m.

Christina Wilke (KS) hoppa 1,50 m i høgde og sette både ny innandørs-pers og ny klubbrekord i høgde innandørs kvinner senior.

Nahom Kibreab Ghebrehiwet (G17) er haustens debutant i særklasse! Etter å ha halde på med friidrett i berre nokre veker prøvde han seg på 400 m og fekk tida 56,63 som er ny klubbrekord menn senior og junior innomhus. Så tok han ut på ein ny syretest - på 800 m - og i mål på 2,18,38 også det ny klubbrekord menn senior og menn junior innandørs.

Det var så mange andre gode resultat frå resten av utøvarane frå Ørsta at vi ikkje kan ta med alle her. Resultata lovar svært godt for vintersesongen. Komplette resultatlister finn ein på dimna.no

Dimna IL var arrangør av innandørsstemnet Sparebanken Møre leikane laurdag 24. november i Ulsteinhallen. Det var over 200 påmelde og 500 startar frå 30 klubbar på stemnet.