Ørsta-trenaren held fram og lovar eit endå betre lag neste år

Ørsta leverte ein solid vårsesong resultatmessig, medan det vart ein tyngre haust. Fasiten vart ein 7.-plass i 4. divisjon etter opprykket, og trenar Vegard Heltne seier at laget skal bli betre til neste år.

16. mai: Ørsta slo Volda 2–1 16. mai i år, og på bortebane enda det uavgjort i lokaloppgjeret. Trenar Vegard Heltne er nøgd med utvikling til Ørsta, og seier at laget skal bli betre neste sesong.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Comebacket i 4. divisjon vart positivt for Ørsta. Laget hadde ambisjonar om å etablere seg i divisjonen, men enda med å kjempe i toppen av tabellen i vårsesongen.

– Vi hadde fokus om å ligge litt lågt i bana og kontre på motstandarane. Det lukkast vi med. Vi gjorde det godt i vårsesongen. På hausten hadde motstandarane meir respekt for oss og det gjorde at vi måtte styre kampane meir. Då sleit vi meir og vi vart straffa. Det har vi teke lærdom av. Vi må lære oss å styre kampane, og lage sjansar ut frå eige spel og ikkje motstandarane sine feil. For oss har det vore ein typisk opprykkssesong. Eg har vore med på det same i Hødd der vi vore heilt i toppen halvvegs, og så vert hausten tøffare. Når vårsesongen byrjar skal vi ha fleire strengar å spele på, seier Heltne.