Over hundre Ørsta-elevar i aksjon i skulecupen i Ulsteinvik

– Fantastisk innsats

Ørsta-elevane gjorde det skarpt i skulecupen i Ulsteinvik, og mange elevar er kvalifisert til finalen i Molde i mai.

Skulecup: Ørsta ungdomsskule hadde i år rekordmange elevar som var kvalifisert til skulecupen. Totalt 63 elevar tok del. Alle foto: Privat 

8. klassingar: Oliver Øie Svedjan, Anastasia Humberseth, Selma Aurora Vartdal, Sander Krøvel-Vatne og Jørgen Gretland.  Foto: Einar Myrold

Til topps: Mariell Follestad Koppen (t.v.), Turid Lise Totland og Iselin Vartdal Aam (t.h.) tok dei tre topplasseringane på 60 meter for 10. klasse. 

Kulegjengen: Bak f.v. Johan Endal, Adler Folkestad-Johnsen, Ole-Martin Masdal, Thomas Slettedal Boska og Mathias Myklebust Aurstad. Framme f.v. Hanna Seline Vartdal, Turid Lise Totland, Pernille Johannessen Løseth, Mathilde Lorentzen Høst og Jenfrid Vikenes  Foto: Einar Myrold

Sport

Tysdag reiste elevar frå Ørsta ungdomsskule, Velle skule, Vikemarka skule, Dalane skule og Hovden skule til Ulsteinvik. Å ta del i skulecupen i friidretten har blitt ein tradisjon for fleire av skulane, og Ørsta-elevane har for vane å hevde seg godt. I år var det over 400 elevar som var i aksjon i Ulsteinhallen, og hundre av dei var frå Ørsta.

– For ungdomsskulen var det rekorddeltaking og vi hadde 63 elevar som var kvalifisert til skulecupen. Dei andre Ørsta-skulane hadde 38 elevar som var kvalifiserte, og totalt var det 101 elevar frå Ørsta i sving, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold ved Ørsta ungdomsskule.

8. klassingar: Oliver Øie Svedjan, Anastasia Humberseth, Selma Aurora Vartdal, Sander Krøvel-Vatne og Jørgen Gretland.  Foto: Einar Myrold

Det vart leverte mange gode prestasjonar i Ulsteinhallen tysdag. På 60 meter for 10. klasse jenter tok Mariell Koppen 1.-plassen føre Turi Lise Totland og Iselin Vartdal Aam, alle frå Ørsta ungdomsskule.

Til topps: Mariell Follestad Koppen (t.v.), Turid Lise Totland og Iselin Vartdal Aam (t.h.) tok dei tre topplasseringane på 60 meter for 10. klasse. 

Marie Steinnes har gjort gode prestasjonar i skulecupen tidlegare og vann lengekonkurransen og 60 meter for 9.-klassingane. Jenfrid Vikenes tok 3.-plassen i kule for 10. klasse. Elise Aarflot vann 60 meter for 7. klasse med Ronja Moe Bjørdal, begge frå Vikemarka skule, på 3.-plass. Anne Stave, Velle skule, vann lengdekonkurransen for 6. klasse føre Svanhild Steinnes, Hovden skule. 60 meter finalen for 6. klasse hadde fire Ørsta-elevar på første plassane.

Kulegjengen: Bak f.v. Johan Endal, Adler Folkestad-Johnsen, Ole-Martin Masdal, Thomas Slettedal Boska og Mathias Myklebust Aurstad. Framme f.v. Hanna Seline Vartdal, Turid Lise Totland, Pernille Johannessen Løseth, Mathilde Lorentzen Høst og Jenfrid Vikenes  Foto: Einar Myrold

Blant gutane tok Johannes Eiksund 2.-plass på 60 meter finale for 10. klasse. Marnix Cupedo kom på 2.-plass i lengde for 10. klasse. Jørgen Gretland hoppa seg til 3.-plass i lengde for 8. klasse, og Thomas Pedersen tok 2.-plassen i lengde for 9. klasse. Eskil Fuglehaug, Velle skule, tok 3.-plassen i lengde for 7. klasse.

– Vi hadde god breidde, mange toppar og gode resultat, seier Myrold.

Resultata gjorde at Ørsta ungdomsskule var nest beste ungdomsskule bak Sykkylven. Blant barneskulane kom Velle på 4. plass og Vikemarka på 5. plass. Med gode resultat er det og mange elevar som er kvalifisert til finalen i skulecupen i mai. Den blir arrangert i Molde.

– Det er stas med skulecupen og du blir litt kry. Friidretten er i frammarsj, og det er stadig ny rekruttering. På ein slik dag er det viktig med samhald. Elevane får konkurrere og får oppleve spenning og nervøsitet. Så er det viktig at vi heiar på kvarandre, seier Myrold som og rettar ein takk til Ørsta IL friidrett for midlar som gjer det mogleg å ta del i skulecupen.