Tor Ørstavik Eikrem fekk vise seg fram for Sporting CP

– Den store draumen min er å bli profesjonell fotballspelar

I førre veke vart kulde-grader og mørke dagar bytta ut med varme og gode treningsforhold i Portugal for Tor Ørstavik Eikrem (11 år). I Lisboa fekk den talentfulle fotballspelaren rettleiing frå akademitrenarar frå storklubben Sporting CP.

Lisboa: Ni spelarar frå Noreg og Sverige gjennomførte NF Elite treningscamp i Lisboa i aldersgruppa til Tor Ørstavik Eikrem. Foto: NF Academy  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Fotball betyr mykje for Tor Ørstavik Eikrem og ifølgje han sjølv går det ikkje ein dag utan at får lagt inn litt eigentrening. I august tok Hovdebygda/Mork-spelaren del i NF Academy sin fotballcamp i Ålesund. Med portugisiske trenarar vart han og dei andre deltakarane introdusert til ein litt anna fotballkultur enn dei er vande med.