Sæbø på trenarjakt etter nedrykket

– Ikkje gode nok for 5. divisjon

– Vi enda på sisteplass i 5. divisjon og sleppte inn hundre mål. Då er det ikkje alt som har gått slik som det skulle.

Toppskårar: Bjørnar Holen skåra tjue mål på seksten kampar for Sæbø i 5. divisjon. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Tretten poeng på tjueto kampar, ein negativ målforskjell på 54 og sisteplass i 5. divisjon vart fasiten for fjorårets KM-meister i 6. divisjon Sæbø. Dermed må laget ta turen ned att i 6. divisjon komande sesong. Trenar Mats Riise erkjenner at alt ikkje har gått etter planen denne sesongen.