Volda vann i Bergen

Bortekampen mot botnlaget Gneist søndag vart jamn, men Volda drog i land sigeren 22-18.

Marte Nornes skåra fem mål i 22-18-sigeren mot Gneist søndag.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Volda hadde favorittstempelet før kampen mot Gneist søndag. Vertane fekk sin første siger for sesongen i førre serierunde mot Stabæk, medan Volda stod med fire sigrar, ein uavgjort og eit tap på sine seks første kampar.

I 1. omgang var det to lag som begge sleit med å få det til å stemme offensivt. Midtvegs i omgangen var stillinga 5-5. Inn mot pause klarte Volda å få eit lite forsprang, og då laga gjekk i garderoben var stillinga 9-7 i favør Volda.

Etter kvilen auka leiinga til Volda til fire og fem mål. Gneist klarte å halde denne avstanden, men Volda hadde kontroll på kampen. Strekspelar Frida Stølen skåra det siste målet i kampen og fastsette sluttresultatet til 22-18-siger for Volda. Marte Nornes vart toppskårar for Volda med fem mål.