Ørsta hadde stålkontroll på heimebane

– Vi har meir å gå på

Ørsta-troppen som tok imot Orkanger i Ørstahallen laurdag føremiddag hadde ein snittalder på 18,5 år. Dei hadde ingen problem med å feie Orkanger av bana med sluttresultatet 31–17.

Ørsta har eit spennande lag i årets 3. divisjon. Laurdag vart det 31-17-siger mot Orkanger.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Det er ikkje nokon god kamp frå vår si side, men vi er eit betre trent lag og framover gjer akkurat det vi vil. Vi står på bana med yngste gutane våre i tjue minutt i 2. omgang, og dei spelar jamt med Orkanger. Det stod godt bakover på bana, men gjorde ikkje heilt det skulle framover på bana, seier Anders Vatsaas og Stian Aasen som trenar Ørsta-herrane.