Tora var kaptein då Noreg slo Belgia

J15-landslaget, med ørstingen Tora Ose i troppen, har denne veka vore i Belgia og møtt vertsnasjonen i to treningskampar.

I Belgia: Tora Ose spelte begge kampane for Noreg mot Belgia denne veka. I kampen fredag var ho igjen kaptein for J15-landslaget. Foto: Privat  Foto: Privat

Sport

Den første kampen mellom Noreg og Belgia vart spelt onsdag ettermiddag. Tora Ose, som var kaptein for Noreg i førre kamp, var i startoppstillinga og spelte heile kampen.

Belgia gjekk til pause med 2-0-leiing, men i 2. omgang skåra Greta Kristina Karlöf to mål. Dermed enda kampen uavgjort 2–2.

Fredag føremiddag møttest laga på ny. Ose var igjen i startoppstillinga, og no hadde Ørsta-jenta igjen kapteinsrolla. Noreg tok føringa i kampen etter 14 minutt ved Irene Dirdal, og fem minutt før pause auka Mathilde Sangolt leiinga. 2. omgang vart mållaus. Ose spelte heile kampen for Noreg og står no med fire aldersbestemte kampar i landslagsdrakta.

Ei blid Tora Ose på samling i Belgia.  Foto: Privat

Etter rapportane leverte den unge ørstingen svært gode prestasjonar i begge kampane. Landslagstrenar Harry Hansen seier at landslaget har hatt ei strålande samling.

- Dette er eit kull som består av mange spennande typar. Det er endå litt tidleg å seie kor stor breidda i kullet er, men dei som var med som debutantar denne veka kom veldig godt frå det. Vi har fleire å velje mellom no enn vi hadde før samlinga. Vi har vore på nasjonanlegget til Belgia heile veka og hatt ei strålande samling. Det er eit fantastisk anlegg og kvaliteten på banene og fasilitetane her er enormt bra. Det har vore ei suveren veke, seier Hansen til fotball.no.

Benedicte Lund Berge, Blindheim, har og vore med på samlinga i Belgia.