Ørsta-jenter på treningsleir i Spania

– For å bli gode må vi trene som dei beste

Denne veka er 17 jenter og om lag like mange føresette og familie- medlemmer samla på Olympic Park hotell i Lloret De Mar utanfor Barcelona i Spania.

I Spania: Denne veka er sytten jenter frå Ørsta IL handball på treningsleir utanfor Barcelona i Spania. Her er jentene samla og i godt humør før første treninga. Alle Foto: Privat 

Resultata kjem når vi trener planmessig samtidig med at vi har det kjekt

Sven Castberg
Sport

Hotellet og olympiaparken vart bygd i samband med sommar-OL som vart arrangert nettopp i Barcelona i 1992, og dette området har sidan då vore eit senter for idrett og trening i dette området.

Handball har rike tradisjonar i Ørsta. No ser handballen lyst på framtida.

–Bygginga av den nye Ørstahallen vil vere starten på ei ny tidsrekning, seier leier i Ørsta I.L. Handball, Rune Hovde.

– Det er mange som no vil stå på saman for Ørsta, og då var det også på tide at jentene som har spelt saman i fleire år fekk realisert draumen: Treningsleir i Spania», held han fram.

– Her har vi knytt til oss dei beste trenarane og laga eit seriøst og spennande opplegg for jentene. Spansk handball er som kjent i verdsklasse og når trenarane som er på leiren også høyrer til toppnivået av trenarar i området ligg alt til rette for at dette blir bra. At det er 20 varmegrader og sol i oktober er heller ikkje negativt.

Spansk trenar: Klare for innsats med «proff» spansk trenar. 

Jentene på 16- og 18-årslaget trenar og spelar kampar saman heile året. I år har dei i tillegg også vore med på dugnadar, halde lotteri og samla flasker for å finansiere treningsleiren. For slikt kostar. Og det kostar ikkje berre kroner, det kostar tid og innsats, men det gir også mykje tilbake i form av samhald, glede og gode opplevingar.

Under opphaldet er det 2 treningsøkter kvar dag. Ei av øktene er i hall med innleigde trenarar og den andre er leia av laget sin «norske» trenar Sven Castberg.

– Utfordringa er å halde att jentene som gjerne vil trene endå meir, smiler Castberg før han blir alvorleg og seier at det er viktig å halde balansen slik at det ikkje blir for seriøst.

– Resultata kjem når vi trener planmessig samtidig med at vi har det kjekt, understrekar han før han ser ned i papira igjen og held fram med å planlegge morgondagen.

Trening: Drilling på 3-2-1 forsvar.  Foto: Privat

Men mellom treninga skal jentene også oppleve Spania og Costa Brava. Torsdag ettermiddag er sett av til å vere turistar, og då skal Barcelona og området kring opplevast, og sannsynlegvis blir vel nokre butikkar i området vitja før bussen snur tilbake til hotellet.

Det blir no også arbeidd for å få til ein kamp mot eit lokalt lag mot slutten av veka.

– Det var på tale med ein kamp mot det Katalanske juniorlandslaget(!) men då måtte vi seie nei, seier Castberg og Hovde.

– Rett nok er jentene flinke og innsatsviljen stor, men der var vi nok ein divisjon eller to over vårt nivå. Enn så lenge, smiler dei to til slutt.