Full pott for Volda

Volda har fått ein draumestart på comebacket i 1. divisjon. Søndag slo dei Flint Tønsberg på bortebane, og Volda toppar tabellen saman med opprykksfavoritt Sola.

Marte Nornes skåra fire mål i 21-20-sigeren over Flint Tønsberg søndag.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Volda opna sesongen i 1. divisjon med ein solid 35-20-siger over Førde. Fjellhammer vart slått 33-27 i den første bortekampen for sesongen. Søndag venta det tøff motstand i Flint Tønsberg. Laget frå Vestfold hadde tapt knipent 25-26 mot Charlottenlund og slått Førde 27-19 før møtet med Volda.

Ni minutt ut i kampen gav Aleksandra Zimny Volda ei 5-3-leiing, og nokre minutt seinare auka Maria Ulla leiinga til 8-3. Fem minutt før pause sette Auria Ann Ose inn 12-6 for Volda, men inn mot pause klarte heimelaget å knappe inn på leiinga. Volda gjekk likevel i garderoben med 13-10-leiing.

Ose skåra det første målet etter kvilen. Vingen skåra sitt fjerde mål i kampen etter åtte minutt og gav gjestene leiinga 16-12. Volda klarte å halde Flint Tønsberg eit par mål bak seg på resultattavla gjennom 2. omgang. Fem minutt før slutt vart leiinga redusert til eitt mål, 20-19, men Lone Vik skåra for Volda med tre minutt att av kampen. Heimelaget reduserte åtte sekund før full tid, men det vart ikkje fleire mål og Volda kunne juble for 21-20-siger. Dermed har Volda full pott etter tre serierunder i 1. divisjon. Ose vart toppskårar for Volda med fem skåringar.

Neste søndag, 14. oktober, kjem Sola på besøk i Voldahallen. Begge lag har full pott etter tre serierunder, og dette vert ein skikkeleg test for heimelaget. Sola, som slo ut Larvik av cupen, har mellom anna landslagsspelar Camilla Herrem på laget, og satsar tungt på å kome seg raskast mogleg tilbake til eliteserien.