Herman spelte finale i nasjonalt elitetiltak

I helga spelte kretslaget Sunnmøre/Aalesund Nasjonalt elitetiltak G15 i Drammen. Laget tok seg til finale med ørstingen Herman Mayer på laget.

Turnering: Herman Mayer, første frå venstre nedste rekke, spelte for Sunnmøre/Aalesund i Nasjonalt elitetiltak i helga. Foto: Privat – Nasjonalt elitetiltak 

Sport

Sunnmøre/Aalesund var eitt av åtte lag som tok del i turneringa. I første kamp enda det mållaust mot Odd, medan det vart 1-0-siger mot Kristiansund i 2. kamp. Vålerenga slo sunnmørsgutane 2-1, men Mayer og lagkameratane var klare for sluttspel.

I a-sluttspelet møtte dei Sogndal søndag, og laget tok seg vidare til finale med 2-0-siger. Vålerenga vart igjen motstandar for Sunnmøre/Aalesund. Det enda med 1-0-tap, men ein sterk andreplass i turneringa.

Dette var andre gang at Mayer representerte Sunnmøre/Aalesund i Nasjonalt elitetiltak.