Unikt prosjekt på Bondalseidet

Treflis skal halde på snøen

400 meter av langrennstraseen på Bondalseidet har allereie blitt flislagt. Laurdag vart nye 800 meter med treflis lagt ut.

Dugnadsgjeng: Det har vore dugnad dei to siste laurdagane på skistadion på Bondalseidet. Laurdag vart det lagt ut 800 meter med treflis i langrennstraseen som skal sikre at snøen vert liggande lenger.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– 800 meter av traseen, med ei breidde på fem meter er det vi vonar å få flislagt no. Området vi prioriterer er langrennsstadion og litt ute i løypene, seier dugnadsansvarleg Geir Aamund Hovden i Hovdebygda IL langrenn.

Årsaka til at langrennsgruppa legg treflis er langrennstraseen er at dei vil halde lenger på snøen. Dei er ikkje dei første i landet til å bruke treflisa til dette føremålet, men blant dei første. Eit testprosjekt vart gjennomført i fjor, men med ein snørik og kald vinter fekk dei ikkje sjå den fulle effekten.