Thea, Filip og Arnstein på kretslaget til Møre og Romsdal

Fire medaljar for Ørsta IL friidrett

Ørsta IL friidrett var godt representert under Lerøyleikane i helga og tok fleire medaljar.

Filip Hoggen Arnstein Nikolai Ose og Thea Nilsen deltok på kretslaget som tok tredjeplass på Lerøyleikane.   Foto: Birger Nilsen

Sport

I kretskampen tok Ørsta IL friidrett fire medaljar - ein sølv og tre bronse. På dette nivået er det plasseringar det står respekt av. Thea Nilsen og Arnstein Nikolai Ose tok to pallplassar kvar og Filip Hoggen tok mellom anna ein god 5. plass.

Møre og Romsdal tok tredjeplass på Lørøyleikane i Måndalen. Nordland vann med 299 poeng. Rett bak kom Nord-Trøndelag med 289 poeng. Møre og Romsdal hadde 253 poeng. Thea Nilsen, Filip Hoggen og Arnstein Nikolai Ose frå Ørsta IL friidrett deltok på laget.

Det vart sølv til Thea (J13) i diskos 0,6 kg med ny pers 21,66 m. Så sette ho ein kjempepers i tresteg med eit hopp på 8,96 m (før 8,40 m) og opp på pallen igjen - til bronsemedalje. Thea tok 4. plassen i spyd 400 gr med ny pers 24,53 m (før 22,50 m). I slegge 2 kg vart ho nr 6 med resultatet 22,24 m.

Arnstein Nikolai (G13) tok bronse i slegge med ny pers 27,51 m (før 26,42 m). Han tok og bronsemedalje i diskos 0,75 kg med ny pers 22,83 m (før 22,56 m). I kule 3 kg vart det 4. plass med 8,58 m. Han gjekk også til 5. plass på 1000 m kappgang med ny pers utandørs 8,18,52.

Filip (G14) hoppa 9,12 m i tresteg og tok ein god 5. plass. På 60 m vart han nr 17 på tida 8,87. Filip vart nr 6 i lengde 4,54 m og nr 14 på 600 m 1,49,98.

Lerøyleikane vert ofte kalla eit "uoffisielt norgesmeisterskap" for ungdom i alderen 13-14 år. Lerøyleikane er delt i tre arrangement: Austlandet, Vestlandet og Midt- og Nord Norge. Frå Midt- og Nord Norge deltok kretsane Finmark, Møre & Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Sør-Trøndelag, og Troms. Kretskampen gjekk over to dagar, 8.-9. september. Det vart konkurrert i eit stort utval av øvingar, og stemnet vart avslutta med stafett.