I vår fekk Ørsta ein leksjon borte på Color Line Stadion av AaFK 2. Heimelaget vann kampen 5-0, og det var klasseforskjell på det opprykksjagande andrelaget og det ferske 4. divisjonsmannskapet til Ørsta. I septembersola fredag kveld hadde Ørsta von om å gjere eit betre inntrykk. Dei fekk ikkje den starten på kampen som dei skulle ønska. Gjestene tok avspark, hadde nokre trekk i laget før kaptein Kheirullah Ahmadzai sette ballen bak Iver Vinjevoll i Ørsta-målet.
Ørsta fekk ein dårleg start på kampen og AaFK 2 tok leiinga før det var spelt eitt minutt. Foto: Joachim Åsebø
Gjestene som stilte med Daniel Gretnason og Pape Habib Gueye frå start hadde mykje ballinnehav gjennom dei første 45 minutta. Ørsta sleit med å vere tidsnok oppe i ballførar og vart tidvis springande mykje imellom. Vertane kom til to sjansar i løpet av 1. omgangen, begge ved Simen Tømmerbakk Flekke. Vingen utfordra fint på kant begge gongane, men målvakt Fredrik Opdahl i AaFK-målet fekk slått til hjørnespark ved begge høva. AaFK kom til fleire store sjansar, men Vinjevoll fekk rydda opp. Gueye kom til fleire store sjansar for gjestene, men spissen klarte ikkje å få ballen mellom stengene.