Volda brant mange sjansar då Molde gjekk vidare i cupen:

– Ikkje så nøgd med korleis vi skyt

Volda leverte mykje positivt spel i cupkampen mot eliteserielaget Molde, men gjestene var best og vann fortent 31–23.

Pernille Ingebrigtsen hadde ein god kamp for Volda og vart toppskårar for heimelaget med sju mål.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Eg er veldig nøgd med korleis vi speler, men eg er ikkje så nøgd med korleis vi skyt frå distanse. Vi spelte oss fleire gonger til veldig gode sjansar, men bommar litt for mykje. Praktisk sett så tykkjer eg alt fungerer. Det manglar berre at vi setter ballen i mål, sa Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson.