Perlemål av Holen sikra Sæbø-poeng

– Eg er veldig stolt over det vi klarer å få til

Sæbø spelte på sine styrker, utnytta svakheitene til Volda 2 og sikra seg eitt poeng i 4-4-kampen torsdag kveld.

Bjørnar Holen vart kampens store spelar med tre mål.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Sæbø stod med seks poeng før den femtande serierunden og møtte Volda 2 som hadde sanka tjue poeng på sine kampar. Gjestene hadde eit favorittstempel, medan Sæbø ville prøve å revansjere 7-0-tapet frå i vår.