Tora i landslagstroppen

Tora Ose er ein av tjue spelarar i J15-landslagstroppen som skal møte Sverige i to treningskampar.

På samling: Tora Ose har denne veka fått rettleiing frå mellom andre Maria Thorisdóttir og Guro Reiten. Foto:Olaf Nagelhus/Woldcam  Foto: Olaf Nagelhus / Woldcam

Sport

21.- og 23. september skal Noreg J15 i aksjon i landskampar i fotball mot Sverige. Tysdag vart troppen til dobbeltkampen offentleggjort. Tora Ose, Ørsta IL fotball, er ein av tjue spelarar i troppen til trenar Harry Hansen.


Landslagsjenta Tora Ose (15)

-Kva ligg eigentleg bak desse fantastiske prestasjonane?

Fotballjenta Tora Ose (15) frå Ørsta kom nyleg med på J15 landslaget i fotball, men kva ligg eigentleg bak desse fantastiske prestasjonane? Og er det berre fotball som interesserer denne jenta?


Ose er ikkje den einaste spelaren frå Møre og Romsdal og Sunnmøre fotballkrets då Benedicte Lund Berge (Blindheim) og er i troppen.

Ose hadde si første samling med J15-landslaget i juni i år.


Tora fekk trene med landslagsprofilar

Ørsta-jenta Tora Ose har denne veka vore Equinor sin talentleir i Stavanger saman med Noregs mest talentfulle 14-, 15- og 16-åringar.