Beintøffe tak i Follestaddalen

260 deltakarar kjempa seg over stokk og stein i Follestaddalen laurdag.
Sport

Aldri før har så mange vore med. Ekstra mange var det i mosjonsklassa. Særleg dei yngste stilte i hopetal, så det måtte to startar til, for å få alle vel av garde.

- Kjempegøy, er dommen frå Kristine Juliebø, Julie Rudi Nordang, Tuva Øye og Mari Øyehaug som heldt saman, heile den 4,25 km lange løypa.

- Eg klarte alle hindera, kan Tuva fortelje.

- Og det kjekkaste var at vi venta på kvarandre heile vegen, og hadde det kjekt saman, seier Mari Øyehaug, som kan legge til at ho truleg aldri har vore så skiten før, som etter å ha kjempa seg gjennom gjørma.

Nøgd gjeng: Kristine Juliebø, Julie Rudi Nordang, Tuva Øye og Mari Øyehaug.  Foto: Janne-Marit Myklebust

 

Dette var fjerde gongen at hinderløpet Over stokk og stein vart arrangert heime på garden til Arve Haugland. Han og Martin Hauge-Nilsen er arrangørar av løpet, som i år samla om lag 260 deltakarar.

Raskast i mosjonsløpet var Ariana Rebbestad og Knut Elias Dalhus.

- Utruleg artig å vere med, seier Knut Elias etter løpet.

- Det verste er dei harde oppoverbakkane. Det beste, det er heile løpet, seier han, som vart nummer tre i fjor.

Ariana Rebbestad vann mosjonsløpet også i fjor.

Deltakarane må manøvrere seg over mellom anna bekkar, rotvelt, steingjerde, grøfter, rundballar, pallar, gjørme og straumgjerde. Tømmerstokkar og steinar skal berast. Dette er ikkje for pyser, men det er for alle, liten eller stor.

Dagen starta med mosjonsløp. Seinare var det konkurranseklasser. Her var runda på 8,5 kilometer.

Vinnarar i konkurranseklassa

Vinnar i herreklassa: André O. Dvergsdal, Åmdal IL, på tida 58.18. Andreplass: Terje Rebbestad, Team Bankett partner, på tida 1.01.50. Tredjeplass: Martin Hovden, Hovdebygda IL, på tida 1.03.23.

Vinnar i kvinneklassa: Ingvild Øye, Hovdebygda Langrenn, på tida 1.13.23. Andreplass: Malin Fagervoll Heggen, Spartan Workout, på tida 1.16.11. Tredjeplass: Margrete Aaen, Spartan Workout, på tida 1.18.40.

Det var 23 deltakarar i herreklassa og 15 i dameklassa.