- Eg tykkjer Hareid vinn fortent. Det er litt tilfeldigheiter knytt til mellom straffesituasjonar som avgjer, men all honnør til Hareid. Dei ville meir enn oss og vi er ikkje gode nok i dag. Det er ein liten lærepenge for oss og vi må vere på heile tida, sa Ørsta-trenar Vegard Heltne etter kampslutt.

Medan Hareid har vore i botnen av 4. divisjon heile sesongen leverte Ørsta ein god vårsesong, og tok ferie på 5. plass. I vårkampen var Ørsta det beste laget og tok sigeren. På grasmatta på Hareid stadion var det gjestene som hadde ballen mest dei første 45 minutta. Ørsta sleit med å få opp tempoet i spelet sitt gjennom omgangen. Hareid på si side prøvde å spele i bakrom og utfordre gjestene på fart. Ørsta-forsvaret hadde god kontroll, og Martin Liaskar i Ørsta-målet vart ikkje sett på nokon prøver. Begge lag ropte på straffespark i løpet av 1. omgang. Fredrik Jørgensen vart felt innanfor 16-meteren, men dommaren meinte at taklinga ikkje kvalifiserte til straffespark. Etter 35 minutt fekk tidlegare Hødd-spelar Ruben Kenneth Brandal stå upressa på 40 meter. Med yttersida spelte han elegant gjennom Fredrik Andresen som på vakkert vis vippa ballen over ein utrusande Liaskar. Dermed kunne heimelaget juble for 1-0-leiing. Det tok berre fem minutt før det igjen var likt mellom laga på resultattavla. Knut Erik Myklebust vart spelt gjennom og Ørsta-spissen sett ballen sikkert i mål. 1-1. Hareid vart usikre etter skåringa medan Ørsta pressa på. Det vart skapte nokre halvsjansar på tampen av omgangen, men laga gjekk til pause på stillinga 1-1.

Eitt minutt ut i 2. omgang vart det jubel igjen i Ørsta-leiren. Eit godt forarbeid av Jørgen Winjevoll gjorde at Myklebust kunne heade inn sittt andre mål for dagen og 2-1 til Ørsta. Etter godt forarbeid av Jørgensen etter 51 minutt fekk Håkon woldsund sjansen, men headinga gjekk over. To minutt seinare vart det rot i Ørsta-forsvaret. August Brandal kom aleine med Liaskar og laga var like langt att. Etter 59 minutt rota Ørsta igjen i eige forsvar. Brandal kom på ny aleine med Liaksar og Hareid hadde snudd kampen. Ørsta prøvde å heve spelet sitt, men klarte ikkje å skape dei store problema for heimelaget. Etter 74 minutt vart Jørgensen takla for andre gang i feltet. Ørsta-spelarane ropte på straffesprak igjen, men situasjonen enda med gult kort til Ørsta-spelaren. Thomas Wiik Bjerknes fekk den største sjansen for bortelaget fem minutt før slutt, men avslutninga gjekk over. På overtid var Brandal igjen frampå for heimelaget og den raske spissen fastsette sluttresultatet til 4-2-siger for Hareid.