(Sunnmørsposten): 28-åringen spelar i kveld sin siste kamp for Volda i 4. divisjon borte mot Sykkylven. Etter det er planen at Evebø skal signere ei kontrakt med Hødd ut årets sesong.

– Vi er ganske «short» på folk, spesielt forsvarsspelarar, rundt både A-laget og rekruttlaget. Det har mellom anna ført til at spelarar har måtta spele ute av posisjon, og det ønskjer vi ikkje. Vi vil at folk skal utvikle seg der dei skal bli best. Difor har vi vore på jakt etter ei forsterkning i forsvarsleddet. Tobias er ein spelar vi eigentleg har følgt i mange år, som har vore aktuell her tidlegare og som har spisskompetanse i voldsom duellkraft. Så får vi bruke resten av sesongen på å finne ut om dette fungerer for begge partar, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Evebø vil gå rett inn i Hødds A-stall og vere ein utfordrar til Steffen Moltu, Henrik Breimyr og Eirik Haugan om ein plass i forsvarsrekka for serieleiaren i 2. divisjon.

– Om det blir speletid på førstelaget er opp til Tobias sjølv. Han kjem hit for å spele seg inn på A-laget til Hødd, og det er slik det skal vere. Så får både vi og han sjå korleis dette fungerer ut årets sesong, seier Sindre Eid.

Tobias Evebø har sidan 2015 spelt for Volda. Han har tidlegare vore hatt korte opphald i Førde og Stryn.

PS: Medan Hødd-overgangen for Evebø framleis ikkje er offisielt i boks, melder Hødd i ei pressemelding fredag at Bam Hide og Håkon Brautaset er tatt opp i A-stallen. I tillegg skal Gustav Dimmen hospitere mykje med A-laget i tida framover.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.