Ask skaut nemleg 249 poeng då eldrerekrutten var i aksjon på baneskytinga. Det er det klart beste Aarsæther har gjort i dei tre landsskytterstemna han har delteke. Han debuterte i den settingen på Lesja for tre år sidan og vart så begeistra at han kunne tenke seg å oppleve fleire landsskytterstemner.

Det har han fått moglegheita til ettersom dette er det i tredje i rekka. Ask kan fortelje at han ikkje hadde sett seg spesifikke resultatmål da han sette kursen for Stjørdal og det som er det største landsskyttarstemnet på åtte år. Bortimot 5800 hadde meldt seg på da påmeldingsfristen gjekk ut.

Habil gitarist

Hovdebygda og Ørsta stiller også denne gangen med ein bra tropp. Det er ein årelang tradisjon at dei er representert. Ask Aarsæther kan opplyse at det er få av lagets ungdomsskyttarar som har teke turen til Trøndelag kor det jamt over har vore fine forhold. Ask som også er ein habil gitarist var fornøgd med 249 poeng. Sjølv om han hadde forhåpningar om å få sjå 250-talet.

Ungguten har bevist at han er god for slike poengsummar når det klaffar. Det gjorde det i LSS sjølv om det eine skotet sat nokre millimeter for langt ut til at han fekk anvist fullt hus. Det var like mykje mangel på marginar som førte til at han fekk 249 poeng i staden for 250. Aarsæther som neste år tar steget opp i juniorklassa, trener to-tre gonger i veka i tillegg til stemnene han er med på.

– Eg synest du skal få med at vi har flinke trenarar. Reidar Øye, Asbjørn Myklebust, Olav Johan Lystad, Anita Lystad og Torill Lystad er blant dei som bidrar med råd og rettleiing, sa han som har tenkt å fortsette med skyting.