– Nøkkelen for at vi skal klare å halde oss i 1. divisjon trur eg vert forsvarsspelet. Viss vi får sett eit godt forsvar får vi med oss målvaktene og vi får kontringane, seier Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson.

På ein pressekonferanse fredag presentere Volda handball sine nye spelarar før comebacket i 1. divisjon og la fram ambisjonane for den komande sesongen. På dei to føregåande forsøka har Volda rykka rett ned att frå 1. divisjon. No er målet å halde plassen i divisjonen og utvikle spelarar.

– Klubben har prøvd seg i 1. divisjon to gongar før, og å ha eit anna mål enn å halde plassen vil vere galskap.

Betre trent

Ein av spelarane som har vore med ved dei to tidlegare opprykka er kaptein Kine Kvalsund. To nøkkelpunkt som er annleis no er samhaldet i gruppa og at laget er betre trent.

– Vi har eit yngre og meir samansveisa lag no. Halldor har og vore kritisk til kven som kjem inn i laget, og det skal vere ein person som passar i gruppa. Vi har det kjekt saman samtidig som vi utfordrar kvarandre. Det er viktig for å prestere på bana. I tillegg er vi betre trent enn tidlegare. Vi glapp ofte i dei ti siste minutta av kampane sist vi var oppe.

– Sikker på at når målet

1. divisjonsstallen til Volda består av seksten spelarar. Frå laget i fjor er har mellom andre Rune Vik og Anette Berg gitt seg. Fride Heggdal Stølen (linespelar), Ingrid Jamtli Rye (venstre bakspelar), Aleksandra Zimny (venstre bakspelar) og Ida Karlsen (målvakt) har kome inn i stallen og funne seg godt til rette.

– Vi er veldig nøgde med tilførselen av nye spelarar, og dei er både lokale og unge, seier Bent Ingebrigtsen i Volda handball.

Den mest meritterte spelaren som Volda har fått på plass er Zimny som er polsk landslagsspelar og som spelte i Eliteserien for Storhamar i fjor.

– Eg vart sjokkert over at dei til tider trenar på same nivå som i Eliteserien då eg kom hit. Eg er og sikker på at vi skal klare å nå målet om å halde oss i 1. divisjon, seier Zimny.

Det langsiktige målet til Volda handball er å etablere seg i 1. divisjon og at unge talent vel klubben for si eiga utvikling framfor å flytte til dei store byane. Klubben ønsker å utvikle spelarar i regionen, men er og klar over at dei må produsere eigne spelarar og arbeider målretta med det.

Sesongstart på heimebane

16. september startar årets sesong i 1. divisjon. Det blir vestlandsderby i første kamp når Førde gjestar Voldahallen. Ifølgje Haraldsson vil Volda-publikumet få sjå eit heimelag som vil halde fram med sitt spel og prøve å vidareutvikle det.

– For vår del blir det same oppskrifta som i fjor. Vi prøver å legge til nye element og ha fleire våpen i vårt arsenal.

Må ha fjorten til seksten poeng

Neste helg reiser Volda til Follo for å spele cup og teste seg mot 1. divisjonsmotstand. Volda vil møte Follo og Fjellhammer, og kan og møte Stabæk, Førde og Aker. Helga etterpå går turen til Førde der laget vil møte Gneist og Førde. Deretter ventar 2. runde i cupen der Midsund eller Godøy blir motstandar. Tek Volda seg vidare til 3. runde vil dei møte Molde.

– Dei komande helgane vil vi få kjenne litt på nivået som ventar. Det siste halve året har eg følgt godt med på 1. divisjon. Vi veit at blir tungt og tøft som eit nyopprykt lag. Det blir mange vanskeleg kampar, men det blir viktig for oss å vinne dei riktige kampane. Vi må ha fjorten til seksten poeng for å sikre plassen, seier Volda-trenaren.