Det var målet då Anita gjorde unna dei siste førebuingane i den heksegryta som landsskyttarstemnet-arenaen i Stjørdal er i desse dagar. Hovdebygda og Ørsta-skyttaren har vore gjennom denne prosedyren nokre gonger etter at ho og tvillingsøster Torill debuterte i denne settingen som rekruttar så tidleg som i 1997. Dei var berre 12 år gamle denne gangen. Men hadde allereie bevist på lokale stemne at dei var gode til å handtere geværet ,sjølv om dei var unge.

Sidan har dei vore fast inventar på den store skyttarfesten. Det har blitt lange bilturar både til Sandnes, Evje, Bodø og ikkje minst Målselv som er den staden som ligg lengst unna for dei som er inne i arrangørturnusen. Lystad-tvillingane har gode minner frå dei fleste av desse stadene. Dei har henta heim både beger, medaljar, gåvepremiar og andre utmerkingar både i nord, sør, øst og vest. Premier har det også blitt i Stjørdal sjølv om det ikkje vart finalar.

Glimrende oppkjøring

Anita Lystad brukte dei siste dagane før Landsskytterstevnet på å skyte noregscupstemner i Nord-Trøndelag. Først og fremst fordi det er fint å få gode gjennomkøyringar i forkant av det som er sesongens store mål for dei fleste som driv med skyting i Norge. Anita fekk dei svara ho var på jakt etter da ho skaut 244 og 343 i Øvre Ogndal og følgde opp med 243 og 340 poeng i Steinkjer. Det vart eitt poeng mindre i noregscupstemnet i Namdalseid. Den som har vore best av tvillingane i år, brukte dette stemnet til å finpusse forma.

– Eg hadde på bakgrunn av dei bra resultata i disse tre stemna, forhåpningar om at det skulle vere mogeleg å få mellom 242 og 244 poeng i LSS Sjølv om eg av erfaring veit at det er stor forskjell på det du ønsker deg og får. I samband med førebuingane var eg opptatt av å fokusere på det som er av arbeidsoppgåver. Eg følte at eg lykkast med det sjølv om poengsummen vart lågare enn eg skulle ønske meg. 238 poeng vart litt for lite til å kjempe om prinsesse og kongelag, sa Lystad til Møre-Nytt etter baneskytinga.

Pregar skyttarsporten

Ho var i godt humør sjølv om det vart færre poeng og sentrumsblinkar enn det som var målet da ho la seg ned og tok fatt på skytinga. Det uføreseielege som pregar skyttarsporten, er noko av sjarmen med denne idretten. Begge Lystad-jentene var i går klare for samlagsskyting.