Ørsta vann 4-1 i kvartfinalen mot Hareid i Norway Cup onsdag kveld. Dermed er laget vidare til kvartfinalen i G14-klassa for sjuarlag.

Der skal laget møte Dahle/Nordlandet frå Kristiansund. Det er ein sterk motstandar, for laget vann 16-0 i sin åttandedelsfinale. Kvartfinalen går kl. 10.00 torsdag føremiddag.

Hovdebygda/Mork tapte åttandedelsfinalen mot italienske Carugate onsdag kveld. Sluttresultatet vart 0-7 etter 0-5 ved pause. HIL/MIL-gutane kjempa heroisk, men møtte eit klart betre lag.

- Uansett er vi godt nøgde med turneringa, seier lagleiar Paul Rune Ingebrigtsen.

Gutane hos HIL/MIL og Carugate samla seg etter kampen. Foto: Privat