– Det er ikkje optimalt å fullføre to triatlonkonkurransar med eit par vekers mellomrom. Men eg hadde lyst til å vere med her sidan eg hadde sikra meg startplass. Trollveggen Triathlon er også eit flott og spesielt arrangement. Det er få, om nokon, triatlonarrangørar som kan by på ein så spektakulær trasé som denne. Både i sykkelrittet og i løpsdelen er det mange høgdemeter som skal overvinnast før ein er i mål, sa Narve, etter at han hadde nådd eitt av sine to mål.

Det var å kome seg til topps utan krampe. Ørstingen konkluderte samstundes med at han ikkje nådde tidsmålet. 44-åringen hadde håp om at det i år skulle vere mogleg å bryte den magiske tretimarsgrensa. Det skulle vise seg at det gjekk nokre minutt for seint til det. Ein sjølvkritisk Narve meinte det hadde vore mogleg å halde større fart i alle tre disiplinane. Særleg på symje- og sykkeldelen som har reknar som sine klart sterkaste disiplinar i triatlon.

Tidlegare symjar

Narve Yksnøy har ei fortid som symjar, og har difor fått ein god start i dei alle fleste triatlonkonkurransane han har delteke i. Det var også denne gongen berre eit fåtal av dei godt og vel 200 deltakarane som hadde vore så heldige å sikre seg startplass, som var før den tidlegare Ørsta-symjaren opp av Romsdalsfjorden. På syklinga fungerte det også bra, sjølv om det er ei tøff fysisk og mental påkjenning å sykle så langt samanhengande i motbakke.

Narve fekk nok ein gong kjenne på kroppen at det er utfordrande å halde farta oppe i den sterke biltrafikken og på den svingete vegen. Han og konkurrentane opplevde at det var ein god del bussar og større bubilar som både kom ned og skulle opp. Trafikkvaktene prøvde etter beste evne å unngå at det oppstod farlege situasjonar. Narve kunne fortelje at han sleit med krampetendensar både i debuten og året etter i Trollveggen Triathlon. I år fungerte beina betre.

Spektakulært arrangement

– Det kan naturlegvis ha samanheng med at eg ikkje har teke ut nok. Sluttida kan tyde på det. Meg eg har i motsetnad til dei to andre gongane, ei veldig fin oppleving. Denne gongen klarte eg i større grad å nyte den folkefesten og det flotte arrangementet som Trollveggen Triathlon er. Sjølv om hovudfokuset var å kome seg raskast mogleg til mål. Det er like stort kvar gong du nærmar deg mål og er ferdig med kraftprøva. Der og då får du kjenne på den meistringskjensla det er å vere ferdig etter å ha vore i aksjon i over tre timar.

Kva var det som fekk deg til å fatte interesse for denne krevjande idretten?

– Det er nok utfordringa og at det er så allsidig. Eg likar å variere treningsarbeidet, og det får du moglegheit til som triatlet. Det er lettare å kome seg ut så lenge du har meldt det på eit arrangement som dette og har konkrete treningsmål. Eit pluss er det også at det er så mykje trivelege folk som held på med dette. I år var det heilt magisk å kome seg over skydekket og sjå utsikta som er i målområdet, seier han, som håper på fleire Trollveggen Triathlon-startar. Svein Halvor Moe