Sju sigrar, tre tap og ein uavgjort kamp er fasiten for Ørsta etter at dei første elleve serierundane i 4. divisjon er ferdigspelt. Mange hadde tippa at Ørsta skulle kjempe rundt midten av tabellen, men laget kjempar med Emblem, Volda og Rollon om 3.-plassen bak AaFK 2 og Bergsøy.

– Resultatmessig har det vore bra, men prestasjonane har vore litt opp og ned. Vi har ikkje fått ut potensialet som bur i laget, og der bur det ekstremt mykje meir enn det vi har vist til no. No teke vi poeng på innsats og vilje. Målet er at vi etter kvart skal vinne på rein kvalitet, i alle fall i 4. divisjon. Den dagen vi klarer vi det er Ørsta klar for å gå eit nivå opp, men vi er ikkje heilt der endå, seier Ørsta-trenar Vegard Heltne.

Det har vore mykje positivt å vise til for Ørsta sin del så langt denne sesongen.

– Vi har klart å vinne sjølv om vi har rullert mykje på laget. Det er eit kjempepluss. Vi har skåra utruleg flotte mål på overgangsspel, og det har vore botnsolid defensivt i sju av elleve kampar.

Dødballar imot er eit punkt som laget må jobbe med.

– Der har det vore for dårleg, men elles skapar motstandarane lite mot oss. Vi må bli betre til å spele mot etablert forsvar. Det er vi ikkje så gode til.

Av laga som ligg på øvre halvdel i 4. divisjon skil Ørsta seg ut med dårleg målforskjell. Ørsta har skåra atten mål og fått tjue imot seg. Fjorten av måla imot kom mot AaFK 2, Bergsøy og Valder.

– Det er desse tre kampane som gjer at vi har dårleg målforskjell. Eg er ikkje bekymra for det defensive. Vi burde ha skåra meir enn atten mål, og det er ikkje bra nok. Vi må finne ein betre måte å finne vegen til motstandaren sitt mål, i tillegg skal vi halde fram med å vere stabilt gode defensivt.

Med sommarpause vert det forandringar i spelartroppen. Det er klart at midtstoppar Emil Bjørdal ikkje er med til hausten, og nokre andre spelarar kan og forsvinne.

– Det betyr at nokre gode juniorspelarar kanskje vil få sjansen. Mest truleg så kjem det ikkje nokon inn, men vi kjem til å vere minst like gode til hausten. Dei unge spelarane utviklar seg heile tida, seier Heltne.

Ørsta tek no litt sommarferie. Laget skal vere med på Sæbø cup seinare i sommar.