– Jentene klarte å ta seg til finalen i fjor. Dei repeterte prestasjonen i år, men klarte å vinne. Det er kjempebra, seier Jan Erik Bratteberg, som saman med Ole Christian Fet trenar jentene.

Årets J14-lag hadde gode minner frå Lerum Cup i fjor. Laget leverte ei god turnering og spelte seg fram til finaleplass. Der var Fagernes to mål betre enn Ørsta-jentene og gjekk av med sigeren. Årets turnering opna godt for Ørsta med 2-0-siger mot Langevåg. Mot Gneist 1 vart 2-1-siger. I dei to siste kampane i gruppespelet enda det mållaust mot Hovdebygda/Mork og Gneist 2. Mot Øytese var Ørsta-jentene klart best og dei vann kampen 4–1. Ørsta avslutta gruppespelet med å slå arrangørklubben Sogndal 5–0.

Til finale

Saman med Langevåg var det Ørsta som hadde dei beste resultata i gruppespelet og difor enda laga i finalen i J14-klassa. Den vart spelt måndag føremiddag.

– Vi var stort sett i angrep gjennom heile kampen, men det ville seg ikkje framfor mål. Langevåg hadde ein veldig god målvakt. Det næraste vi kom var ei avslutning i stolpen, seier trenarduoen.

Finalen enda mållaus, men Ørsta fekk betalt for å ha vore mykje i angrep då dei vann på fleire hjørnespark enn Langevåg.

– Det var heilt fortent og veldig kjekt. Det er eit godt samhald og dette er eit lag som både vinn og tapar i lag, seier Fet.

– Turneringa har vore heilt topp. Dette er prima norsk ungdom og det er ein grunn til dei vinn turneringa. Det har vore ein kjempefin gjeng heile vegen, seier Bratteberg.

UAvgjort: Ørsta presse Langevåg i finalen, men den enda mållaus. Ørsta vann på fleire hjørnespark og vann J14-klassa.

To lag til kvartfinale

Ørsta stilte også med to jentelag i J13-klassa. Ørsta 1 slo Fagernes (2-1), og spelte uavgjort mot Solid (2–2) og Gneist Diamant (3–3) i gruppespelet. Dei vann åttandedelsfinalen 3–0 mot Bjarg, medan det første tapet kom i kvartfinalen mot Gneist Diamant.

Ørsta 2 slo Fana (5-1), Søreide (3–2) og Kaupanger (9–3) i gruppespelet. Voss vart slått 3–2 i åttandedelsfinalen. I kvartfinalen vart det eit knipe tap mot Eidsvåg.