Ørsta var favorittar då dei tok turen til Godøya torsdag. AaFK2 toppar 4. divisjon føre Bergsøy, medan Ørsta Rollon og Emblem alle hadde nitten poeng før den siste kampen i vårsesongen. Godøy har ikkje hatt ein god vårsesong og hadde berre teke fire poeng på dei ti første kampane.

Begge lag kom til farlegheiter i opninga av kampen, og til slutt var det gjestene som fekk hol på byllen. Etter ein feil i Godøy-forsvaret var Mats Øvrebotten på plass og sende gjestene i leiinga etter 25 minutt. Berre to minutt seinare fekk Ørsta tildelt straffespark. Øvrebotten var trygg frå straffemerket og dobla leiinga. Ørsta hadde kontroll på kampen, men Godøy svarte kjapt. Kristoffer Holmen Dyb sette eit hjørnespark direkte i mål og 2–1. Øvrebotten var nær sitt tredje mål for dag nokre minutt før slutt, men laga gjekk til på stillinga 2–1.

Ni minutt ut i 2. omgang lukkast Øvrebotten igjen framfor mål og Ørsta-spissen sikra seg sitt hat-trick. Igjen tok det ikkje lang til før heimelaget svarte- Markus Strand reduserte fire minutt etter Ørsta-målet, og det var igjen spenning i kampen. Vertane var nær utlikning etter 64 minutt. Godøy jakta skåring. Ørsta-trenar Vegard Heltne la om formasjonen til 4-5-1 og Godøy-presset roa seg mot tampen av kampen. Dermed fekk Ørsta den resultatmessige avslutninga på vårsesongen som dei hadde von om med 3-2-siger.

Fasiten etter dei elleve første serierundane er tjueto poeng. Det har blitt sju sigrar, tre tap og ein uavgjort kamp. Bortestatistikken er svært god for Ørsta med fire sigrar og eitt tap. På heimebane har det blitt tre sigrar, to tap og ein uavgjort kamp. Ørsta har skåra atten mål og fått tjue mål imot seg. Det gjer at laget ligg på 4.-plass på tabellen, men dei har like mange poeng Emblem på plassen føre. Rollon kan gå forbi Ørsta på tabellen om dei slår SIF/Hessa fredag. AaFK 2 ligg framleis på topp med 28 poeng og Bergsøy kan vere poenget bak om dei slår Valder fredag.

No er det fotballferie for Ørsta fram til 17. august. Då er Hareid motstandar på bortebane.