Tora var ein av åtti handplukka fotballspelarar som denne veka er samla på Equinors talentleir i Stavanger. Ose var teken ut i landstroppen til J15-laget. Samlinga utgjer toppen landslagsskulen til Norges Fotballforbund. (NFF) Målet er å drive systematisk talentutvikling for å danne framtida sitt landslag.

– Så langt har Equinor Talentleir vore lærerik, spennende og sosialt. Eg lærer masse nytt og får sjansen til å ta med meg desse erfaringane tilbake til klubben når eg kjem hein seier Tora Ose i ei pressemelding.

Imponerte landslagsprofiler

På leiren fekk Tora mellom anna rettleiing frå landslagsspelarane Maria Thorisdóttir, som til vanleg spelar for Chelsea FC, og Guro Reiten, som spelar i Toppserien for Lillestrøm.

– Vi er imponert over innsatsen til Tora og dei andre spelarane her på Equinors talentleir. Dei viser ei enorm stå-på-vilje og spelar med den same gløden som kjenneteiknar dei som no spelar på A-landslaget. Det lover godt for framtida, seier Thorisdóttir og Reiten som er mentorar for Equinor Morgendagens Helter.

Dei har sjølv gått gradene innanfor NFFs landslagsmodell og har over 170 kampar for aldersbestemte landslag og A-landslaget.

Nålauget er trongt

På leiren deltek rundt åtti av dei mest lovande fotballtalenta i Noreg. Både J15-landslaget, eitt skyggelandslag med potensielle landslagsspelarar og to tropper med 14 år gamle talent er tekne ut basert på ferdigheiter, haldningar, læringsvilje og sosiale eigenskapar.

Fagansvarleg for spelarutvikling i NFF, Håkon Grøttland, meiner spelarane har all mogleg grunn til å vere stolte av seg sjølve.

– Dei har overbevist mange på vegen for å bli tekne ut til denne talentleiren. Det er ingen tvil om at nålauge er trongt. Dei er tekne ut fordi vi meiner dei har nokre eigenskapar som på sikt kan gjere dei til ein av «morgondagens heltar». Talentleiren er ein viktig arena med tanke på spissing og finsikting inn mot landslag, men først og fremst skal det vere ein inspirasjonsarena. Vonleg gir ei slik samling spelarane ekstra motivasjon og viktig læring som dei tek med seg heim i klubbkvardagen sin, seier Håkon Grøttland.