– Det var ein kjedeleg fotballkamp, men det viste vi at det kom til å bli sidan vi møtte Rollon. Vi helde nullen for tredje kamp på rad. Det er bra og vi kome oss defensivt. Vi slit med å skape noko offensivt, men vi spelar mot divisjonens gjerrigaste lag. Vi viste at viss vi skulle vinne denne kampen måtte vi skåre på dei få sjansane vi fekk, det gjorde vi ikkje i dag. 0-0 var eit greitt resultat, sa Ørsta-trenar Vegard Heltne etter kampslutt.

Ørsta og Rollon hadde begge atten poeng etter ni serierunder, og begge lag jakta siger fredag kveld. Rollon hadde berre fått seks mål imot seg på dei ni første seriekampane, men laget frå Ålesund har heller ikkje vore det mest målfarlege denne sesongen. Vertane fekk den første sjansen i kampen etter tre minutt, men avslutninga frå Daniel Gjerde gjekk like til side for mål. Laga var jamngode i banespelet gjennom dei første 45 minutta. Etter eit kvarter kjempa Olai Vinjevoll til seg ballen og tok seg forbi målvakta. Ørsta-spissen avslutta frå skått hald, men fekk ikkje ballen mellom stengene. Heimelaget hadde eit lite trykk etter dette utan at Per Espen Sæther Thorsen i Rollon-målet vart sett på dei store prøvene. Gjestene skapte sine farlegheiter på dødball. Etter 39 minutt avslutta ein Rollon-spelar i stolpen. To minutt seinare fekk Vinjevoll avslutta etter at Thomas Wiik Bjerknes vann att ballen høgt i bana. Avslutninga gjekk i målvakta. Sigurd Aarflot Sundnes fekk sjansen frå seksten meter, men ballen gjekk like til side for mål. Rollon skapte store problem for Ørsta etter eit hjørnespark då det var spelt 43 minutt. Fleire avslutningar vart blokkert og til slutt fekk heimelaget avklart.

I pausen bytta heimelaget seks spelarar på midtbana og i det offensive leddet. Etter 51 minutt avslutta Fredrik Jørgensen i nettveggen. Rollon skapte nokre farlegheiter, men Martin Liaskar, som vart kåra til dagens ørsting, ordna opp. Det næraste Ørsta kom mål i 2. omgang var ei avslutning frå Simen Tømmerbakk Flekke som gjekk til side for mål. Rollon hadde heller ikkje mykje å by på, og dermed enda kampen uavgjort 0-0.

AaFK 2 (25 poeng) og Bergsøy (24 poeng) har no ei luke ned til Rollon, Emblem og Ørsta, alle på nitten poeng. Ørsta avsluttar vårsesongen med bortekamp mot Godøy komande torsdag.

– Vi må skape meir framover. Godøy ligg også lågt i bana, men er ikkje spesielt gode til det. Det kan bli ein sjanserik kamp, og vonleg er det vi som skapar sjansane.

– Kor viktig er det å avslutte vårsesongen med ein siger?

– Skal vi henge med så vi gjere det. Samtidig så har det vore ein kjempebra vårsesong, uavhengig av resultatet i neste kamp.

Volda slo Godøy 2-0 heime fredag kveld. Magnus Lien Bischoff og Mathias Kolås skåra for Volda.