– Eg er ikkje nøgd med at vi ikkje punkterer kampen i 1. omgang. Vi kunne fort ha vore i leiinga med både tre og fire mål i løpet av dei første 45 minutta og før Volda er i nærleiken av sin første sjanse, sa Hovdebygda-trenar Kenneth Nydahl etter kampen mot Volda 2.

Hovdebygda tok kommandoen i bortekampen mot på Volda stadion torsdag kveld. Vertane fekk lita tid med ball og møtte eit aggressivt og velorganisert Hovdebygda-lag. Då kampen var ni minutt gammal vippa Daniel Reza Malakzadeh ballen gjennom til Martin Roald som sikkert gav gjestene leiinga. Fem minutt seinare kom Andreas Breyholtz til ei god avslutning. Målvakta måtte gje retur og Skjalg Digernes sette ballen over mål. Volda 2 hadde fint lite å by på offensivt og fekk ikkje spelet sitt til å sitte mot Hovdebygda. Bortelaget hadde kontroll på banespelet og målvakt Jonas Husøy vart ikkje sett på ei einaste prøve. Fem minutt før pause var Roald nær ved å auke leiinga, men headinga etter eit hjørnespark gjekk like over mål.

Kampbiletet var uendra i opninga av 2. omgang. Etter eit kvarter kom Roald til avslutning frå 14 meter og ballen gjekk like til side for mål. Tomislav Novak var nær minuttet etterpå, men igjen gjekk ballen like til side for mål. Volda 2 gjorde fleire endringar i laget utover i 2. omgang og byrja å kome meir med i spelet. Midtvegs i omgangen var heimelaget farleg frampå, men dei var ikkje presise nok framfor mål. Den største sjansen til vertane kom etter 75 minutt. Ein Volda-spelar fekk avslutta frå ti meter, men Frank Ristesund fekk blokkert skotet. Begge lag skapte farlegeheiter på tampen av kampen, men det vart ikkje fleire mål og Hovdebygda kunne juble for 1-0-siger.

– Thomas Malins som er altfor god for å spele i 5. divisjon kjem på bana i 2. omgang, men Volda er heldige som får bruke han. Alt i alt er eg nøgd med det vi viser. Innsatsen, trykket og viljen til å blø litt for drakta. Vi går litt tomme for krefter siste ti minutta, men det er heilt normalt når vi køyrer som vi gjorde. Eg tykkjer at vi startar på same gode måte i 2. omgang. Etter eit kvarter gjer kjem Malins inn for Volda og han skaper sjansar for Volda då vi vart slitne. Det hadde vore veldig surt å fått eit mål imot på tampen, men vi vinn fortent, sa Nydahl.

Tomislav Novak jobbar godt gjennom heile kampen og skapte problem for Volda-forsvaret. Foto: Joachim Åsebø

Sæbø-tap

Sæbø tok turen til Ellingsøy torsdag. Heimelaget tok føringa i kampen etter 17 minutt. Åtte minutt seinare var vertane igjen frampå og 2-0. Fem minutt før slutt reduserte Bjørnar Holen for Sæbø. Gjestene jakta mål, men det enda med tap for Sæbø.