Det vart ei intensiv veke for damelaget til Ørsta IL fotball. På sju dagar spelte dei tre kampar. Etter 5-4-sigeren heime mot Stranda/Sunnylven reiste Ørsta til Stordal. Heimelaget toppar 4. divisjon. Ørsta gav Stordal kamp om poenga, men vertane vann kampen til slutt 3–0.

Ørsta avslutta kampveka med å reise til Valder torsdag. Karoline Oksnes Austnes sende Valder i leiinga heime på Valdervoll etter 33 minutt. Fire minutt seinare utlikna Anthonett Koikoi for Ørsta, og laga gjekk til pause på stillinga 1–1. Etter kvilen fall avgjerda i kampen. Då det var spelt 73 minutt sende Kaja Rekkedal Ørsta i leiinga. Det vart ikkje fleire mål og Ørsta tok dermed sin femte siger for sesong.

Torsdag denne veka kjem Hødd 2 på besøk på kunstgrasbana. Tre poeng skil laga i favør Hødd 2 før kampen. Dette blir og den siste kampen i vårsesongen.