To veker før løpet hadde deltakartalet passert femti og eldsjelene bak fjellmaratonen har von om at det kan nærme seg deltakarrekord inn mot start.

Ørsta fjellmaraton har to distanser: Halvmaraton (ei runde) og heilmaraton (to runder). Løypa går frå Barstad i Follestaddalen, opp skogsvegen til Hellevegen, til Brekkeheia, Brekkesetra og til Kråkenakken (496 moh.). Derifrå går løypa vidare til Grøthornet (747 moh.) og deretter til løypas høgaste punkt: Sandhornet (909 moh.). Ned att går løypa over Rambjørhornet, til Mosetra og over Dalevegen til Barstadheia og til mål på Barstad. Dei som spring to runder snur på Barstad og spring same løype tilbake att.

– Dette gjer at deltakarane møter kvarandre og at løpet blir meir sosialt. Ørsta fjellmaraton har helse- og heieplikt når du møter på andre deltakarar.

Det er ingen aldersgrense for å ta del i Ørsta fjellmaraton, men arrangøren oppmoder at dei som er 13 år og yngre spring saman med ein vaksen.