Eitt poeng skilde Emblem på 4. plass og Ørsta på 5. plass i 4. divisjon før laga møttest torsdag kveld. Det er jamt i toppen i divisjonen og begge lag hadde von om å ta med seg alle poenga for å halde følgje AaFK 2, Bergsøy og Rollon på plassane føre. Ørsta hadde den første store sjansen i kampen ved Mats Øvrebotten. Emblem var også farleg frampå, men ingen av laga fekk utteljing i løpet av dei første 45 minutta av kampen. Etter kvilen vart det ikkje nokon sjansebonanza på Emblem stadion. Eitt minutt før full tid kunne bortelaget juble. Olai Vinjevoll sette ballen i mål og gav gjestene leiinga. Ørsta vart redusert til ti mann like etterpå då Øvrebotten fekk sitt andre gule kort for uthaling av tid. Emblem klarte ikkje å slå tilbake på overtid og dermed tok Ørsta sin sjette siger for sesongen.

Rollon er neste motstandar for Ørsta på heimebane fredag 22. juni. Vårsesongen vert avslutta med bortekamp mot Godøy veka etterpå.