Sæbø hadde vore nær sin første siger etter opprykket til 5. divisjon både mot Stranda heime og Fjørtoft borte. Begge dei to siste kampane enda uavgjort. Heime mot Guard torsdag hadde Sæbø eit lite favorittstempel og laget var motivert for ta med seg tre poeng. Etter sju minutt sende gjestene ballen i eige mål og gav Sæbø leiinga. Tre minutt seinare utlikna gjestene. Midtveg i omgangen avslutta Bjørnar Holen. Målvakta måtte gje retur og spelande trenar Mats Riise sende vertane tilbake i leiinga. To minutt seinare ville ikkje bror Marius vere noko dårlegare og auka til 3-1 for heimelaget. På tampen av 1. omgang reduserte Guard etter eit hjørnespark, og laga gjekk i garderoben på stillinga 3-2 til Sæbø.

Etter kvilen hadde Sæbø fleire gode sjansar til å punktere kampen, men det losna ikkje før heilt på tampen av kampen. Då det var spelt 90 minutt sette Bjørnar Holen ballen i mål og avgjorde kampen. Med 4-2-siger kunne Sæbø juble for årets første siger.

Hovdebygda spelte også heime i 5. divisjon torsdag kveld. På grasbana var det Norborg/Brattvåg 2 som lukkast framfor mål. Gjestene skåra to mål før pause. I 2. omgang skåra Per-Stian Justsen Alvestad for gjestene og fastsette sluttresultatet til 3-0.

I 6. divisjon avdeling 2 stod Aksla med sju strake sigrar før dei tok turene til Legene torsdag. Åmdal låg på 2. plass og hadde teke femten poeng på dei sju første kampane. Det vart eit jamt oppgjer mellom laga, men det var gjestene som kunne juble etter kampen med 2-1-siger.