Eit mål av Emil Theodor Bjørdal i det 90. minuttet fastsette sluttresultatet til 1-0 til Ørsta i fredagens kamp mot Larsnes-Gursken i Ørsta. Men han må dele æra med Sverre Sætre Orten, som slo eit glimrande frispark mot gjestelaget sine bortre stolpe. Dermed har Ørsta vunne fem av dei åtte kampane sine. Det held til femteplass på tabellen, fire poeng etter leiarlaget Aafk2. Men viss Ørsta skal hengje med i toppstriden, må laget heve seg monaleg over det nivået laget viste i denne kampen. Noko me veit laget har kapasitet til.

Gjestene opna med høgt press, kanskje overraskande for heimelaget, og ørstaspelarane vart springande mykje imellom på midtbana. I denne perioden var Ørsta truga, men Larsnes/Gursken greidde ikkje å skape meir enn nokre halvsjansar. Ørsta på si side hadde to sjansar før pause; den største ved dagens ørsting, Simen Tømmerbakk Flekke, etter ei flott gjennomløping. Men keeper redda hårfint.

Etter pause gjekk det 18 minutt før me kunne notere ein halvsjanse til Larsnes/Gursken. Ørsta hadde ikkje ein einaste i same perioden. Først i det 23. minutt hadde bortekeeperen eit halvvanskeleg inngrep. Men utover i omgangen kvikna Ørsta til litt etter litt til, og det såg ut til at spelarane byrja å tru på siger, og at kondisjonen var litt betre enn hos gjestene. Etter 28 minutt leverte Mats Johannessen Øvrebotten ei flott gjennomspeling til Sigurd Sundnes, som aleine med keeper valde å slå til Sverre Sætre Orten. Han var litt uheldig med avslutninga, og Larsnes/Gursken fekk med naud og neppe hindra skåring.

Mats kunne nokre minutt etter ha skåra på ein halvsjanse etter hjørnespark, men det var først i sluttminutta at Ørsta greidde å punktere kampen og kunne juble for tre verdifulle poeng.

På ørstalaget gir me godkjent til både keeper Martin Liaskar og backfiraren Knut- Magnus Brautaset, Emil Theodor Bjørdal, Tore Sætre Orten og Markus Halse. Framover på bana var det ikkje så bra. Dei talentfulle unggutane fekk ikkje ut potensialet sitt i denne kampen. Måltjuven Knut Erik Myklebust vart liggjande altfor aleine; samhandlinga stemte ikkje. Unntaket var raske, sterke og angrepsvillige Simen Tømmerbakk Flekke. Han var Ørstas bestemann.

Det mest dramatiske i kampen var at L/G-spelaren Andreas Rekdal pådrog seg beinbrot. Kampen vart avbroten ein halvtime før ambulansepersonale fekk henta han.