– Vi gler oss til fotballskule og det blir kjekt, seier Marius Holen, Adrian Sundalskleiv, Daniel Aam Kriken, Johannes Botn Bondhus, Tord Øye og Sigve Endal Myrene som er med på FFO til Ørsta IL fotball.

Om dryge to veker startar fotballskulen. Frå måndag til fredag er det planlagt mykje aktivitet på Ørsta stadion.

– I år har vi utvida fotballskulen med ein halvtime kvar dag. Vi såg at det ville gjere det lettare for mange foreldre. Dermed blir det tid til meir aktivitet og vi har planlagt mykje fotballrelatert aktivitet til fotballskulen, seier FFO-leiar Frode Følsvik.

I fjor deltok 140 gutar og jenter på fotballskulen.

– Vi vonar at vi vert minst like mange i år, og vi har plass til endå fleire. Fotballskulen er for alle og det er ei sosial og kjekk veke. Vi vonar og at flest mogleg jenter vil vere med.

Spelarar frå damelaget, juniorlaget og a-laget vil vere instruktørar under fotballskulen, og det er planlagt ei overrasking for deltakarane.