Etter dei fem første serierundane stod Ørsta med tre sigrar og to tap. Mellom anna hadde Ørsta-damene slått Emblem 7–0 på heimebane og det vart 8-2-siger mot MSIL. Torsdag kveld gjesta Stranda/Sunnylven kunstgrasbana i Ørsta. Gjestene hadde vunne to av sine seks første kampar, og det låg an til å bli ein jamn kamp mellom laga. Då kampen var fem minutt gammal tok bortelaget leiinga etter eit hjørnespark. Mari Ørstavik var nær utlikning to minutt seinare, men då kampen var ti minutt gammal hadde Stranda/Sunnylven dobla leiinga. På eit langt oppspel gav ikkje Kaja Rekkedal seg, og ho stonga inn reduseringa etter 12 minutt.

Kaja Rekkedal jobbar på gjennom heile kampen. Her vinn ho duellen med målvakta og reduserte til 2-1 i 1. omgang. Foto: Joachim Åsebø

Ørsta hadde initiativet i kampen, men det vart ikkje skapt så mange sjansar utover i omgangen. Mot spelets gang auka gjestene leiinga til 3–1 då det var spelt ein halvtime. To minutt seinare stod det 4–1 då Ørsta-forsvaret ikkje hang heilt saman. Ti minutt før pause jaga Rekkedal eit utspel frå Hanne Camilla Osborg Kvammen. Ingen var bort i ballen som trilla i mål til slutt, og målvakta reduserte.

Målvakt Hanne Camilla Osborg Kvammen var smørblid etter at ho skåra frå eige målfelt. Foto: Joachim Åsebø

Tre minutt seinare slo Rekkedal inn eit frispark frå venstre. Ballen gjekk rett i mål og det var igjen kamp att på Ørsta stadion.

Etter kvilen var Kine Strande nær på eit langskot og Rekkedal var nær sitt tredje mål i kampen.

Kaja Rekkedal noterte seg for to skåringar mot Stranda/Sunnylven, og det kunne ha blitt fleire. Foto: Joachim ÅSebø

Elleve minutt ut i omgangen vann kaptein Mariell Boska Husevåg duellen på bakarste stolpe og det var igjen likt mellom laga, 4–4.

Ørsta styrte det meste av banespelet i 2. omgang og det låg ei skåring i lufta. Rekkedal skapte mykje problem for forsvaret til Stranda/Sunnylven, men målvakta til gjestene stoppa forsøka til spissen. Eit kvarter før slutt fekk Strande godt treff utanfor 16-meteren og sende Ørsta i føringa 5–4.

Matchvinnar: Kine Strande skåra det avgjerande 5-4-målet mot Stranda/Sunnylven.

Ørsta hadde fleire sjansar til å auke leiinga, men det vart ikkje fleire mål. Dermed kunne Ørsta-damene fortent ta sigersropet etter årets fjerde siger i 4. divisjon.

– Her er mykje entusiasme og det betyr litt å få vinne fotballkampar. For vår så tel vi ikkje poeng, men dei gode opplevingane. Det er alltid kjekt å vinne tette fotballkampar, og i dag var det ein herleg siger, seier Kjell Einar Dagfinrud som trenar damelaget saman med Rune Johnsen.

Søndag er Stordal motstandar på bortebane for Ørsta.

Trenarduoen Kjell Einar Dagfinrud og Rune Johnsen. Foto: Joachim Åsebø