Torsdag kveld venta ein tøff bortekamp for Ørsta sitt unge mannskap. SIF/Hessa spelte uavgjort 2-2 borte mot Volda i førre serierunde. Det var heimelaget som kom best i gang. Etter 26 minutt hadde Ørsta eit hjørnespark. Heimelaget kontra og tok føringa i kampen. Berre fire minutt seinare var det igjen like langt mellom laga. Simen Tømmerbakk Flekke fekk ballen etter eit hjørnespark og 1-1. Dette var også stillinga til pause.

Ni minutt før full tid kom avgjerda i kampen. Sverre Sætre Orten sette ballen i mål på eit longskot. 2-1. Heimelaget klarte ikkje å få teljande resultat i sluttminutta, og dermed tok Ørsta sin fjerde siger for sesongen.