Vartdal og Blindheim 2 hadde om lag hatt ein lik start på årets sesong i 6. divisjon avdeling 2. Vartdal hadde sju poeng etter fem kampar og Blindheim 2 hadde sanka seks poeng på sine fem kampar. På ei solfylt grasbana på Remen var det heimelaget som starta kampen klart best. I løpet av dei første fem minutta skapte Vartdal fleire halvsjansar. Heimelaget klarte å halde oppe trykket etter ein lovande start på kampen, men dei klarte ikkje å få teljande resultat. Blindheim 2 skapte sjansar før dei tok føringa i kampen. Ballen vart slått inn i feltet etter 21 minutt og ein Blindheim 2-spelar fekk nok tid til å sette ballen bak Allan Kjærbech i Vartdal-målet. Ikkje fortent etter spel og sjansar. Grunna varmen var det lagt inn drikkepause for laga midtvegs i omgangen. Nokre få minutt etter pause fekk ein Blindheim 2-spelar avslutta frå rundt 16 meter. Ballen gjekk via ein Vartdal-spelar og dala ned i mål. 2–0. Vartdal lét seg ikkje knekke, men sleit framfor mål. Jostein Bjørlykhaug var nærast for heimelaget sin del fem minutt før pause, men avslutning gjekk over mål. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 2–0 til gjestene.

Jostein Bjørlykhaug var nær skåring, men Vartdal fekk ikkje det offensive spelet til å sitte mot Blindheim 2. Foto: Joachim Åsebø

Vartdal fekk den beste starten på 2. omgang og la presse på gjestene. Seks minutt ut i omgangen avslutta Rolf Audun Vartdal frå fjorten meter, og ballen gjekk til høgre for målvakta og inn i nettveggen. 2–1 og ei fortent redusering. Heimelaget heldt fram med å ha spelet og overtaket. Arthur Vartdal Midtgaard kom til ein god sjanse etter 21 minutt, men avslutninga gjekk rett på målvakta. Blindheim 2 fekk ein ny giv etter drikkepausen i 2. omgang. Gjestene var svært nære sitt tredje mål i kampen, men Kjærbech redda meisterleg. Like etterpå avslutta gjestene i stolpen etter eit hjørnespark. Vartdal jaga skåring, men fekk ikkje det offensive spelet til å sitte. Dermed vart 2-1-tap heime mot Remen mot Blindheim 2.

Med 25 grader i lufta var det innlagt drikkepause både i 1.- og 2. omgang. Foto: Joachim Åsebø

– Dette var dårleg. Det var frykteleg dårleg. Vi fekk ikkje til nokon ting. Det vart berre stopp i spelet grunna dårlege pasningar og mottak. Det var ein fullstendig kollektiv svikt. I 2. omgang vart det nesten berre utspel og innkast. Grufullt, sa Vartdal-trenar Kristoffer Fiksdal etter kampen.

Vartdal har hatt to frustrerande kampar på rad. Ørsta 2 er motstandar i neste kamp.

– Vi får håpe at vi klarer å snu trenden, og det kan ikkje bli dårlegare. Det å spele mot lag som ligg lågt i bana er vi rett og slett ikkje gode nok til, verken som lag eller individuelt. Der har vi eit stort forbetringspotensiale, utan tvil.

Åmdal var også i aksjon onsdag kveld. På Legene vart det ein komfortabel 6-0-siger mot Sykkylven 2.