Uttaket til Equinor Talentleir vart offentleggjort måndag. Troppen til J15-landslaget består av nitten spelarar, og Ørsta-spelar Tora Ose i landslagstroppen. Frå Møre og Romsdal er Ose saman med Benedicte Lund Berge (Blindheim) tekne ut i landslagstroppen. Talentleiren vert arrangert i Stavanger frå 20.- 24. juni.

– Talentleiren er ein viktig arena med tanke på spissing og finsikting inn mot landslag, men først og fremst skal det vere ein inspirasjonsarena. Vonleg gir ei slik samling spelarane ein ekstra boost som dei tek med seg heim til klubbkvardagen, seier fagansvarleg for landslagsskulen Håkon Grøttland, fotball.no.

I tillegg til troppen til J15-landslaget er det tre troppar til med jentespelarar som har blitt kalla inn til samling.