Det vart eit intenst oppgjer i nabooppgjeret på Sæbø stadion. Sæbø hadde føringa 3-1 til pause. I andre omgang var det HIL som var det dominerande laget.

Hovdebygda opna kampen best, og hadde to skot utanfor på ope mål før Sæbø kom inn i kampen.

Sæbø tok leiinga ved Bjørnar Holen etter fem minutt ved Bjørnar Holen. Han kom åleine med HIL-målvakta.

Utlikning

Etter 23 minutt utlikna Daniel Reza for Hovdebygda då han sklei igjennom etter fint spel.

Men Sæbø slo raskt tilbake. Fyrst ved Terje Haugen Øye, som enkelt sprang frå HIL-forsvaret og skåra.

Der etter ved Holen igjen. Og for ei perle. Han skaut eit frispark i mål frå tjue meter, klin i vinkelen.

Utover omgangen var HIL nær ved å redusere. Nærmast var laget då eit skot small i stonga.

Sæbø vart slitne

I andre omgang var HIL heilt overlegne. Sæbø-spelarane vart slitne og stressa, og produserte knapt ein sjanse framover.

Ti minutt ut i omgangen reduserte HIL til 2-3. Det var Anders Breyholtz som sette ballen i mål.

Hovdebygda utlikna til 3-3 då det stod att sytten minutt av kampen. Robin Urke Brunstad var målskårarar etter klabb og babb i feltet.

Fire minutt seinare gjekk HIL for første gong i leiinga. Det var Daniel Reza som var siste mann på ballen etter ei flott kontring.

Sæbø slo tilbake

Men Sæbø kom meir med i kampen etter dette, og tre minutt før full tid, utlikna laget. Sæbø fekk frispark på atten meter, og kven andre enn Holen skaut. Skotet gjekk rett i krysset.

Begge lag kjempa for sigersmålet, og det fekk Hovdebygda fire minutt på overtid. Daniel Reza vart den store HIL-helten då han sette ballen i mål etter ei kontring.

HIL-jubel

Då var det HIL som kunne juble.

- Dette var veldig fortent, sjølv om vi var dårlege bakover i fyrste omgang, seier trenar Kenneth Nydahl.