15. mai 2016 vart det 5-3-siger for Åmdal då dei tok imot Vartdal til fotballfest i 6. divisjon. For eitt år sidan var Vartdal i leiinga 3-2. Åmdal utlikna til 3-3, og med to overtidsmål av Terje Rebbestad enda kampen med 5-3-siger for Vartdal. Tysdag møttest laga igjen på Legene. Vêret var like godt i fjor og om lag hundre tilskodarar kosa seg i vårsola. Vartdal kom best i gang i kampen. Etter eit kvarter utnytta dei ein feil i Åmdal-foprsvaret, men Jostein Bjørlykhaug fekk ikkje avslutta skikkeleg. Geir Arne Kaspersen avslutta godt frå 20 meter nokre minutt seinare, men Lars-Erik Eriksen i Åmdal-målet fekk slått til hjørnespark. Bjørlykhaug var igjen farleg frampå etter 22 minutt, men Eriksen varta opp med ei god redning. Då det var spelt ein halvtime måtte Eriksen gje retur og Bjørlykhaug sende Vartdal fortent i leiinga.

Jostein Bjørlykhaug gav Vartdal leiinga 1-0. Foto: Joachim Åsebø

Sju minutt seinare fekk Chris Patrick Aspås Kristiansen vende opp og ta ballen til 16-meteren. Frå den avstaden sette han ballen sikkert til høgre for Terje Fremmerlid Brandal i Vartdal-målet, og laga var like langt. Åmdal-jubelen varte ikkje lenger enn tretti sekund. Vartdal gjekk rett i angrep frå avsparkl. Rolf-Audun Vartdal fekk ballen på bakarste stolpe og sende Vartdal i leiinga att på vakkert vis.

Rolf-Audun Vartdal gav Vartdal leiinga 2-1. Foto: Joachim Åsebø

Det vart ikkje skapt så mange sjansar i avslutninga av 1. omgang, og laga gjekk til pause på stillinga 2-1 til Vartdal.

Fire minutt ut i 2. omgang spelte Rebbestad gjennom Kristiansen og voldingen skåra sitt andre mål for dagen.

Sigurd Nybø og Terje Rebbestad gratulerer Chris Patrick Aspås Kristiansen etter utlikninga til 2-2. Foto: Joachim Åsebø

Igjen skulle det ta kort tid før Vartdal slo tilbake. Eitt minutt etter skåringa var Eivind Vartdal først på retur i feltet og gjestene var i leiinga 3-2.

Eivind Vartdal sende Vartdal i leiinga 3-2 i 2. omgang. Foto: Joachim Åsebø

Åmdal byrja å skape sjansar utover i omgangen. Kristiansen sende ballen i stolpen frå 20 meter etter 17 minutt, og Sigurd Nybø kunne ha utlikna for heimelaget. Då det var spelt 65 minutt spelte Olav Magnus Hjelle gjennom Rebbestad. Vingen gjorde ingen feil og utlikna til 3-3. Heimelaget hadde eit lite trykk etter utlikninga og kom til nokre halvsjansar. Vartdal klarte ikkje å skape dei store sjansane. Etter 34 minutt trudde heimepublikummet at Kristiansen skulle sende Åmdal i føringa, men ei glimrande redning av Fremmerlid Brandal gjorde at det framleis stod 3-3 . Tre minutt før full tid fekk Rebbestad med seg ballen og kom seg fri på venstresida. Først avslutta vingen i stolpen, men han plukka opp returen og sende Åmdal i føringa for første gang i kampen. Vartdal pressa på for utlikning på tampen, men kampen enda med 4-3-siger for Åmdal. Dermed fekk publikum omtrent ei reprise på lokaloppgjeret mellom laga frå i fjor.

Terje Rebbestad (t.v.) skåra to mål i 2. omgang og ordna 4-3-siger til Åmdal over Vartdal Foto: Joachim Åsebø

- Eg er lei av at taper mot Åmdal heilt på slutten. Vi er i leiinga nesten heile kampen, og vi leverer ein god kamp. Eg veit ikkje om vi blir slitne eller feige då var i leiinga 3-2, men Åmdal er farlege når dei får tid og rom. Dei har nokre ballspelarar på midten og raske spelarar framme. Det er eit lag som er vondt å møte. Vi skulle ha punktert kampen og det er surt å reise heim att utan poeng nok ein gong. Det er irriterande, sa Vartdal-trenar Kristoffer Fiksdal etter kampen.

Åmdal-trenar Svein Erik Grevsnes måtte sjå lokaloppgjeret frå tribunen etter at han vart vist vekk frå benken under førre kamp mot Ørsta 2.

Svein Erik Grevnes (i midten) hadde litt fleire tilskodarar rundt seg på Legene samanlikna med Ørsta stadion.

Han var godt nøgd med at Åmdal tok sin fjerde strake siger for sesongen.

- Vi er heldige som ikkje ligg under med meir til pause, og målvakta skal ha æra for det. Vi var ikkje nøgde med det vi styrte med. Etter kvart som kampen skrid fram i 2. omgang tykkjer eg Vartdal heng meir og meir i tauane. Alt i alt vinn vi fortent sjølv om vi var heldige som ikkje fekk eit mål til imot i 1. omgang.

- Har Åmdal funne flyten no?

- Kanskje. Vi byrja dårleg mot Langevåg, men så har det blitt betre og betre. Lokaloppgjera lever sine eigne liv. I desse kampane handlar det om dei som kjempar og krigar mest. Vi har heldigvis matchvinnarar i begge endar av bana.