I 2014 var førre gang både Volda og Ørsta spelte i 4. divisjon på herresida. Volda hadde rykka ned frå 3. divisjon medan Ørsta satsa på å kjempe i toppen av divisjonen. Heimekampen for Ørsta 20. mai enda med 1–0 siger for Volda der Thomas Malins skåra det avgjerande målet. På bortebane 9. september var det Bjørnar Bakke Liaskar som skåra for Volda, og vertane vann kampen 1–0.

– Det er lenge sidan sist vi møttest i serien og vi gler oss utruleg mykje til kampen. Du merka det på heile gjengen og eg er heilt trygg på at alle har lyst til å spele mot Volda. Det har blitt snakka om lokaloppgjeret sidan vi rykka opp, seier Ørsta-kaptein Tore Sætre Orten.

– Kjem ikkje til å undervurdere Ørsta

Fredrik Kvalsnes har fire år bak seg i Volda, og kallar seg volding.

– Det er viktig for oss, og alle på laget, at vi går sigrande ut av denne kampen. Første året eg var her spelte vi i same divisjon og det veldig kjekt med mykje trygg på tribunen og mykje publikum. Det er ein som betyr litt ekstra, sjølv om tre poeng er viktigast.

– Er Ørsta eit lag som de skal slå?

– Ja, men vi har sett at dei har blitt eit godt 4. divisjonslag med ein miks av rutinerte og unge spelarar. Det er eit bra lag, og vi såg at dei hadde kvalitetar då vi møtte dei i treningskamp i vinter. Det er eit lag som vi bør frykte og vere forsiktige med, seier visekapteinen til Volda som er klar på at dei ikkje kjem til å undervurdere Ørsta.

Volda-jubel: Førre gang Volda og Ørsta møttest i seriespel var i september 2014. Då skåra Bjørnar Bakke Liaskar for Volda og vertane vann kampen 1-0. Foto: Joachim Åsebø

Patriotar

Ørsta slo Volda 3–1 i den omtalte treningskampen utan at har så mykje å seie for det som skjer 16. mai.

– Vi har veldig mange ørstingar som er over gjennomsnittet patriotiske. Dette er ein kamp som betyr utruleg mykje for spelarane, og eg reknar med at det gjer det også for folk rundt. Vi på bana er ørstingar tvers gjennom, seier Sætre Orten.

Kapteinane for dei respektive laga har von om at det blir ei god ramme rundt lokaloppgjeret med mykje folk og engasjement.

– Då vi møtte Bergsøy merka vi som var på bana at det var mykje engasjement på stadion. Det var trykk rundt bana og då er det kjekt å spele. Eg vonar at dette blir attskapt 16. mai, og kanskje at det blir endå litt betre.